Kontrollutvalsdagen på Skei 29. septemberDokumentasjon og bilete frå kontrollutvalsdagen på Skei 29. september 2022. FKT og NKRF arrangerte Kontrollutvalsdagen 2022 på Skei 29. september. Vi i SEKOM var lokal arrangør saman med Einar Ulla i Vestland fylkeskommune og lokallaget i NKRF. 55 deltakar frå "gamlefylket" Sogn og Fjordane deltok. Vi satsar på ny samling på nyåret 2024 når nye utval er operative etter kommunevalet hausten 2023. Ei spesiell takk til kontrollutvalsleiarane Knut Arne Klingenberg (Årdal) og Jan Ove Rygg (Gloppen) som gav god innsikt i utvalsarbeidet sett frå deira ståstad! Controller Steffen Ben Jonstad snakka godt om internkontrollarbeidet som skjer på vegner av kommunedirektøren i Sunnfjord. Revisjonssjef Asgeir Tveit i Vestland Revisjon gav oss nyttig informasjon om revisjonsarbeidet, særleg knytt til den nye kommunelova. Vi var også så heldige at generalsekretær Anne Karin Femanger Pettersen i FKT kunne delta. Hennar innlegg gjekk på den svært nyttige rettleiaren som FKT har laga om henvendingar til kontrollutvalet. Her finn de hefte med presentasjonane frå samlinga. (PDF, 6 MB) Sist endra 05.10.2022 10.15