SEKOM sekretariat publiserer postjournal og søkemogelegheit for sak og enkeltdokument. Også dokument som vi har vurdert som ikkje offentlege viser her.
Saksutgreiingar og møtehandsaming
Desse finn du ved å bruke møteplanen dersom du veit kva utval det gjeld og tidspunkt for handsaming. Alternativt gå til «arkivsak» når du har søkt opp eit dokument i same sak. Sakliste vert publisert seinast 7 dagar før møtet. Møtebok med handsaming vert publisert seinast første arbeidsdag etter møtet.
Interne notat
Dette er dokument som SEKOM sekretariat har utarbeidd i saksarbeidet. Dei fleste av notata er offentlege og kjem på postlista for den dagen dei vert fedigstilt. Du finn både notata og andre dokument ved å gå til "arkivsak" når du har søkt opp dokument i same sak.
Praktisk hjelp
-Ta kontakt med oss i sekretariatet om du er interessert i ei sak eller eit dokument! Sjølv om du kan leite deg fram til dokument via nettsida vår, treng du ikkje nøle med å spørje oss. Ofte vil vi finne fram raskare, i tillegg til at vi kan hjelpe med fullstendig oversikt over dokument i ei sak eller liknande dokument i andre saker.
Krav om innsyn
Alle kan krevje innsyn i dokument. Innsynskravet kan vere både skriftleg og munnleg og treng ikkje grunngjeving.
Rask hjelp
Når SEKOM mottek krav om innsyn eller ønskje om praktisk hjelp, svarar vi så raskt som det er praktisk mogeleg. Til vanleg vil dette vere same dag eller neste dag. Dette samsvarar med krava i offentleglova om handsaming utan ugrunna opphald.
Lenker
Offenleglova (Lovdata)
Rettleiar til offentleglova (Justis- og beredskapsdepartementet)
Pressens offentlighetsutvalg