Innspel til kontrollutvala

Dersom du har innspel om saksområde eller tema som kontrollutvalet bør undersøke, kan du kontakte SEKOM sekretariat. Du kan også kontakte ein av medlemane i kontrollutvalet som du finn under møteplanen og det aktuelle utvalet.

Kontrollutvalet er kommunestyret sitt viktigaste organ for å føre kontroll med kommunen si verksemd.

Innspel kan gi nyttig informasjon som utvalet kan følgje opp på ulike måtar:

  • Konkret oppfølging av saksområde / enkeltsak ved hjelp av revisor eller sekretariat.
  • Tinge forvaltningsrevisjon.
  • Tilpasse planlagde revisjonsprosjekt.
  • Undersøkingar om korleis kommunen sikrar det aktuelle saksområdet.
  • Be om informasjon frå kommunedirektøren
  • Bidrag til samla risiko og vesentlegheitsvurdering for prioritering av kontrolltiltak.

Innspelet kan såleis vere av stor nytteverdi sjølv om utvalet ikkje skulle bestemme seg for å gå vidare med den konkrete saka.

Handsaming av innspel

Kontrollutvalet har same plikter etter offentleglova som andre kommunale organ. Det er SEKOM sekretariat som utfører dette på utvalet sine vegner.

Sekretariatet gir tilbakemelding om at innspel er motteke og korleis dette vert handsama. 

Offentleg dokument

Ved registrering i journal vurderer vi om dokumentet skal vere offentleg tilgjengeleg. Offentleglova har reglar for unntak frå offentleg innsyn.

Personopplysningar

Er det personopplysningar, vurderer vi desse opp mot reglane for lagring av slike opplysningar. Det må vere ein heimel for at vi kan ta vare på slike opplysningar. Sjå eigen meny på nettsida om personvern.

Dersom innspelet inneheld personopplysningar som ikkje trengs i sakshandsaminga vil vi sladde desse slik at dei ikkje vert registrert i sakssystemet i det heile.

Klage til rett organ

Det ligg i rolla som kontrollorgan at utvalet ikkje er eit organ for klagehandsaming eller vurdering av kor hensiktsmessige lovlege vedtak måtte vere.

Dersom du ønskjer å klage på eit vedtak frå administrativt eller folkevald organ, nyttar du klageretten. Det skal gå fram av informasjon om vedtaket korleis du går fram. Om du er usikker, har vedtaksorganet sin administrasjon plikt etter forvaltningslova til å gi deg råd og rettleiing. Jf forvaltningslova § 11.

Vurderingar i kontrollutvalet

Det er ikkje formelle avgrensingar for kva kontrollutvalet kan undersøke og følgje opp. For å gjere ei systematisk vurdering og prioritering, er det nokre spørsmål som vert vurdert. Her er ei oversikt over slike vurderingar som er henta frå presentasjon ved Deloitte på samling for kontrollutval og sekretariat i 2021: