Siste møte i vårhalvåret!Måndag 23. juni var det møte i Bremanger kontrollutval. Dette er siste møtet i kontrollutvala for vårhalvåret!Viktigaste sakene i dette møtet var rapport frå forvaltningsrevisjon og tinging av nytt revisjonsprosjekt. Informasjonstryggleik - rapportMykje var bra på, men kontrollutvalet peika på forbetringspunkt: Konkretisere kva innhald opplæring i informasjons- og datatryggleik skal ha.Lage rutine for opplæring i informasjons- og datatryggleik.Oppdatere arkivplan.Vurdere å lage prosedyre for kva den enkelte skal gjere ved sikkerheitsbrot.Sikre at ein har rutinar for trening på å unngå brot på informasjonstryggleik og oppfølging ved eventuelle brot. No er rapporten sendt til kommunestyret for handsaming etter sommarferien. Undervisningspersonell - tingingKontrollutvalet tinga forvaltningsrevisjon om undervisningspersonell. Føremålet er å finne ut om kommunen ivaretek noverande og framtidig behov for stillingar og kompetanse i grunnskulen. Rapport vert levert innan 1. juni 2026. Lenke til Bremanger kontrollutval sitt møte 23. juni 2025. Møta i hausthalvåret startar for SEKOM sin del med Stryn kontrollutval måndag 18. august. Lenke til møtekalenderen for alle kontrollutvala i SEKOM-kommunane. Sist endra 24.06.2025 10.31