Kontrollutvalsplanar

2. oktober gjorde Gloppen kontrollutval vedtak om framlegg til kontrollutvalsplan. Dermed har alle utvala fullført planprosessane og sendt sak til kvart sitt kommunestyre. Her finn du dei vedtekne planane.

Etter kommunelova skal kommunestyret vedta planar for forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll. Planane viser dei revisjonsprosjekta som utvalet planlegg å gjennomføre i 4-årsperioden. "Kontrollutvalsplan" er ein felles plan som dekker både forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll, og siktemålet er å legge gode føringar for kontrollutvalet sitt arbeid i valperioden.

Planprosessen:

  • Overordna analyse frå Vestland Revisjon KO med risiko og vesentlegheitsvurderingar
  • Kommunedirektør og ordførar deltok på eit eller fleire møte og kom med innspel
  • Hovudverneombod og hovudtillitsvalde deltok i utvalsmøte og kom med innspel
  • I nokre kommunar deltok også forrige kontrollutvalsleiar og leiarar i politiske utval i eit kontrollutvalsmøte og kom med innspel
  • SEKOM sekretariat la opp det praktiske i prosessen. Vi utforma også framlegget til plan med grunnlag i kontrollutvalet sitt arbeid.
  • Kontrollutvalet vedtok framlegg til plan. Endeleg vedtak vart gjort i kommunestyret.