Kontrollutvalsplan - ny gjennomgangI løpet av vårhalvåret 2022 tar utvala ein gjennomgang av dei vedtekne kontrollutvalsplanane. Det er gått 2 år sidan utvala drøfta seg gjennom risiko- og vesentlegheitsvurderingar. Resultatet vart prioritering av forvaltningsrevisjonar og selskapskontrollar for valperioden. På desse åra, har det skjedd mykje! Det kan vere endring av organisering, skifte av nøkkelpersonell, mediemerksemd, politisk merksemd med meir. Kontrollutvala har også meir kunnskap både om risikoar, utvalet si rolle og korleis andre utval arbeider. Vi i SEKOM meiner difor det er fornuftig å ta ei drøfting av prioriteringane i planane. Det er ikkje eit mål om nødvendigvis å endre, men samstundes er dette den beste sjansen utvalet har for å sikre at dei får undersøkt det dei meiner er viktigast før perioden er omme. Sist endra 26.11.2021 14.51