Besøk på Stryn omsorgssenter

Fredag 23. januar var kontrollutvalet i Stryn på besøk på Stryn omsorgssenter. Einingsleiar for Område Stryn, Kristine Flo informerte og organiserte omvisning. Nestleiar i helse og sosialetaten Oddhild Hilde og kommunedirektør Jon Nesje deltok også. Her er lenke til arkivsak med blant anna presentasjonen som vart vist.

Kontrollutvalet fekk godt førebudd informasjon og omvisning. Informasjonen tok utgangspunkt i punkt som sekretariatet hadde sendt ut på førehand. 

 

Klipp frå utgreiinga:

Stryn kontrollutval 23.1.26 med kommunedirektør og sekretær

Tema for informasjonen

Nedanfor er tema som sekretariatet meiner informasjonen bør omfatte. Det er fint om det blir fokus både kva som er utfordringar og kvar de lukkast og har gode løysingar. 

 

Bygnings- og arealmessige tilhøve

  • Så langt det høver kan de vise og informere om dette under omvisningsdelen
  • Er det spesielle tilhøve som skapar utfordringar for drifta av tenesta?

Sikre god kvalitet og likeverdig tenestetilbod 

  • Informasjon til både den enkelte og brukargrupper?
  • Kartlegging av behova til den enkelte?
  • Rutinar for handsaming ved formelle vedtak?
  • Oppfølging av at den enkelte får det som er vedteke?
  • Evaluering og eventuell oppdatering av vedtak?

Sikre at bebuarane kan leve og bu sjølvstendig og ha aktiv og meiningsfullt tilvære?

  • Aktivitetar, felles markeringar og liknande?
  • Fysiske aktivitetar ut frå funksjonsnivå ?
  • Samarbeid med frivillige?

Stillingar og tilsette i tenesta

  • Dekning av tilsette i ulike fagstillingar?
  • Arbeidstids- og turnusordningar?
  • Samarbeid med tillitsvalde og verneombod?

 

Vi ser føre oss at omvisninga tar inntil 1 time. De kan vidare ta utgangspunkt i orientering på ca 30 minutt med tillegg for spørsmål, innspel og diskusjonar under vegs i saka.