Vi reknar med at det blir ein hektisk haust. I tillegg til ein vanleg haust, arbeider alle utvala i år med kontrollutvalsplan. Dette krev ekstra ressursar, men er også veldig spennande å arbeide med!
Her er eit utdrag frå sak som var i alle utvala etter valet med aktuelle saker gjennom året:
Saker til faste tider
Januar – mars
- Orientering om revisjon jf utvalet sitt påsjå-ansvar for revisjon
- Årsmelding frå kontrollutvalet
- Skatterekneskapen
- Orientering under skriv og meldingar
April – mai
- Kommunerekneskapen
- Hovudfokus for kontrollutvalet er om rekneskapen er rett (utan vesentlege feil).
August – september
- Økonomistyring – rapport frå kommunedirektøren (tertialrapport eller tilsvarande)
- Kommunedirektøren vert kalla inn for å informere
- Etterlevelsesrevisjon – rapport
- Kontrollutvalet sitt budsjett for komande år
Oktober - november
- Orientering om revisjon
- Jf kontrollutvalet sitt påsjå-ansvar overfor revisor
- Møteplan for komande år
- Kommunedirektøren sin internkontroll – informasjon (kan også takast når det passar med møte som har få andre saker)
Det er også ein del gjentakande saker som kjem til ulike tider på året:
Saker til ulike tider
- Bestilling av revisjonsprosjekt
- Vedtak sendast revisjonen med kopi til kommunedirektøren
- Rapportar frå revisjonsprosjekt
- Oppfølging etter revisjonsprosjekt
- Rapportar frå statlege tilsyn
- Investeringsprosjekt – rekneskap
- Informasjonssaker – kommunedirektøren informerer når utvalet ber om det
- Spørsmål til kommunedirektøren på førehand slik at ho/han kan førebu svar
- Ved konkrete spørsmål er det ønskjeleg med skriftleg svar saman med den munnlege orienteringa.
Faste saker i kvart møte
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Skriv og meldingar
- Vert lagt fram som informasjon for utvalet
- Oppfølgingsliste
- Oppdatert av sekretariatet etter kvart møte
- Gjennomgått i møtet med tanke på konkret oppfølging og stryking av saker som utvalet er ferdige med.
- Eventuelt
Ekstra møte
- Kontrollutvalet kan trygt ha låg terskel for ekstra møte når de ser behov for det.
- Fellesressursen med eit sekretariatselskap gjer at det ligg til rette for høg aktivitet i kontrollutvalet utan at kommunestyret må gjere tilleggsløyvingar.
Møteplan for hausten 2020